
dager
timer minutter sekunder
inntil
Velkommen til Nordfjordsommar
Tru, Natur og Fellesskap
Det stunder mot påmelding for årets vakreste sommereventyr. Påmeldingsstart er 17. mars kl 10.00 og må gjerast på her i frå (klikk linken). Vi har 150 plassar, så her må du vere kjapt ute.
Denne sida er eit oppslagsverk for deg som er deltaker på friluftsfestivalen vår denne veka. Her finn du praktisk informasjon, program, tilbod og fokus. Lurer du på kor du skal reise, kva som skjer og kortid? Her har du alt samla på eit fat.
Vi er så glade for at du er her og at du har gjort reisa fra der du bur til Nordfjord. Vi håpar at denne festivalen gjev deg og dine erfaringar av å få høyre til: både i naturen som Gud har skapt, og som vi skal boltre oss i, og i fellesskapet som vi saman skal få ha denne veka. Så håpar vi også at du skal få kjenne at du høyrer til hos Gud, og at di tru, om den er sterk eller svak, lita eller stor, skal få næring gjennom forkynning og lovsangen og det åndelige fellesskapet i løpt av veka.
Nordfjordsommer er ein festival som har fokus på heile mennesket med ånd, sjel og kropp. Naturen skal få danne ramma for fem dagar med fellesskap mellom born, unge og vaksne. Det blir forkynning, lovsang, bøn og forbønn, og misjon skal få ein sentral rolle. Vi vil ha det kjekt sammen, le masse og ta små og store utfordringer.
Normisjon, KRIK og Nordfjord folkehøgskule samarbeider om denne festivalen.
Våre kjerneverdiar

Dine bileter
På Nordfjordsommar skapas minner for livet. Vil du dele nokre av dei med oss i biletformat? Dine kjekkeste, vakraste, mest rørande eller actionfylte opplevingar kan gje andre lyst til å bli med. Kva dag kårar vi dagens bilete og til slutt vekas bilete: Premien er gratis festivalpass for 1 vaksen for neste års festival