Vått og vindfullt mot Haugsvarden

På parkeringsplassen og avreiseklar leirgjeng

Vi satte ut frå skulen kl 11.00 med mykje pågangsmot, klede og ein hengar med stisyklar. Naturen og veiret i Nordfjord er variert og varierande. Samme turen kan opplevast så forskjellig frå eine dagen til den andre.

Men humøret var med, heilt frå starten. Praten gjekk, syklar vart skubba opp første bratta før vi tok lunsj i le for vinden, under vardane.

På veg mot lunsj

Før vi gjekk vidare fekk vi lurt inn litt leik og morro og så gjekk turen vidare mot toppen; haugsvarden som fort kom nærare og nærare ut av tåka.

leik og spring

Nokre tok konsekvensen av vinden og kulden; snudde og tok heimvegen fatt. Men mange tok seg til toppen – spesielt dei med syklar, og fekk gleda av å rulle ned at.

Viktig å ikkje gje opp😜
mange glade og forblåste på Haugsvarden

Sånn kan naturen være. Av og til gjev den av det som verkar å vere ei utømmelig kjelde. Av og til yt naturelementa motstand og utfordrar oss. Korleis var det for deg?

Uansett: Så fantastisk Gud har skapt alt. Dette skaparverket skal vi få ta vare på!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s