Fellesskap

Gud har skapt oss til fellesskap med kvarandre. Vi ønsker ein festival der vi er gode på å inkludere, anerkjenne og bekrefte kvarandre.  Det skal vere enkelt og oppleves godt å høre til. Gjennom ei rekke fellessopplevingar: turar, aktivitetar og møter, gjennom felles mestring og felles samtale ønsker vi ein festival prega av gjensidig respekt og nyskjerrighet: Kan vi finne gullet i kvar enkelt?  Festivalen treng både dei store og dei små romma, dei tette relasjonane der livet slik det er kan få ein naturlig plass – der jeg kan bli sett og hørt. Men også dei større romma der vi er mange og kan kjenne ”eit løft” – at vi høyrer saman, sjølv om vi er ulike på mange slags vis. 

Møtene

I familiesamlinga på morgonen og kveldssamling for vaksne på kveldene dyrker vi fellesskapet gjennom song og musikk, forkynning og bøn. Vi er søsken i trua på Jesus, og desse samlingene vil minne oss om det og vere eit konkret uttrykk for akkurat dettte. Kanskje har du noko du vil dele? Kanskje er det noko du kan bidra med? Eller kanskje treng du aller mest å kunne kvile i omsorgen i felleskapet og Guds nærvær? Vi er eit sånt fellesskap der du kan få være sånn som du er, slik du har det

Turane

I kortreiste friluftslivsaktivitetar som gjev mestring, fyller oss med undring og nysgjerrighet over skaperverket, samt tid til å finne roen i Guds frie natur, kjem vi tett på kvarandre. fellesskapet på tur er fantastisk, og vi ønskjer å vere gode turkamerater for kvarandre. Sjå stort på den gode samtalen medan beina går.

Kveldskro

Dei minste borna er lagt, kanskje til og med sovna. Dei eldste er kanskje vakne og oppe, men har det kjekt saman med nye vener. Over ein matbit og litt avsluttende tid etter ein lang dag dyrkar vi fellesskapet i kveldskroa vår. Den er ved Båltun kvar kveld, og du kan kjøpe deg enkel mat og drikke, Det er varme frå bålet og varme i samtalane der inntrykk og uttrykk frå dagen skal finne landingsplass i minnebanken.

Misjons aktivitet 

Nordfjordsommar handlar ikkje berre om vi som er her på leir saman. Det handlar om andre også, til og med andre i andre land. Jesus gav sine vener eit oppdrag om å invitere alle folkeslag inn i fellesskapet med Han. Det er vi bevisste på at også er ein del av vårt oppdrag – å utvide fellesskapet. Gjennom misjonsaktivitetar og kollektar får vi på Nordfjordsommar også bidra til at Jesu store drøm kan bli virkelighet: At alle skal få sjanse til å møte Han og komme til tru på Han.