Under, i alfabetisk rekkefølge, finn du nyttig informasjon om meir eller mindre praktiske og lure ting å vite om under Nordfjordsommar. Skuleområdet er campus for leiren og under ser du kva dei ulike bygga heiter. Det byggjast akkurat no nytt inngangsparti ved skulen, så vår hovedinngang vert ved Biblioteket. Ljosborgstova, der vi skal ha møtene ligg mellom denne inngangen og matsalen.

Barn som vaknar tidleg
Om du bur i campingvogn eller telt og det blir liv i leiren lenge før frukost, kan de gjerne nytte musikkrommet som opphalds – og leikerom, rett innanfor inngangen vi brukar, til høgre.
Brann
Ved brann eller om brannalarmen går, møter vi alle saman opp til opptelling nede ved grasbana
Buldrebu
Vi har tilgang til eit buldrerom under festivalen. Hugs at små barn kunn kan vere her under oppsyn av vaksne. Dette er foreldre sitt ansvar.
Byggeplass
For tida byggast det nytt inngangsparti på skulen. Det er ganske høge gjerder rundt byggeområdet, men alltid lurt å vere obs på nyskjerrige barn. For inne i det området er det rett og slett ikke lov å vere. Det er aktivitet på byggeplass fram til torsdag, så noko trafikk med tunge kjøretøy kjem det til å vere.
Gymsalen
Denne står til fri bruk gjennom heile veka. Tilkomst til gymsalen er gjennom matsalen. her bør dei minste barna ha oppsyn av foreldre.
Dusje
Om du bur på rom med dusj, nyttar du sjølvsagt denne. Om du er i telt eller campingvogn, er det dusjer på Vesttun og Midtvest. Kan nyttast før kl 23.00.
Helse og skade
Ta kontakt med Harald Landa, tlf: 932 08 633. Han er helseansvarleg på festivalen.
Kiosken
Etter familiesamling er det kiosk kvar dag, ca fra kl 10.00-11.00. Den ligg i resepsjonen i hovedbygget. Der betalar du med helst med vipps (#85971), men kort går også fint.
Kveldskro
Kvar kveld er det kveldskro etter vaksensamlinga ved bålhuset. her kan du kjøpe burgers, noko å drikke. Vipps til #85971
Måltid
Alle måltid er i matsalen hovudbygget. Vi ønskjer at foreldre og barn går saman til måltid, dette fordi vi også ønskjer å ha fokus på å minimere matsvinn.
Niste og kaffi
Under frokosten smører vi niste til dagens tur. Bruk eigen matboks. Om du ønskjer kaffi/te/kakao med deg på tur, tar med termos(ane) dine og ordne dette ved automaten.
Tilsynstelefonen
Har du spørsmål eller om noko hender, kan du ringe til tilsynstelefonen, nr: 911 77 821 (døgnbemanna)
Tørke klede
Dersom behovet for å tørke klede eller anna skulle melde seg (vi er trass alt i Nordfjord), kan du gjere dette i tørkerommet i kjellaren på Midttun.
Vaske klede
Kjelleren på Midttun er tilgjengeleg for deg som treng å få vaska skitne klede. Der er også tørketrommel. Vasken kostar kr 30,– Vipps til #86971. Betalast i kiosken/resepsjonen