Tru

Trua på Jesus er den viktigaste drivkrafta og motivasjonen for Nordfjordsommar. Gjennom familiesamlinger på morgonen og vaksensamlingar på kvelden vert det tid og rom for å søke nærmare han som alltid søker oss og som ønskjer å gje oss liv, fridom og glede.

frå eitt av møta

Ta vare på

temaet for forkynninga denne festivalen er «Ta vare på«. Vi skal utforske fire ulike innsteg til det å ta vare på.

Forvaltarskapet – altså det å ta vare på – er ein viktig del av det livet bibelen inviterer oss til å leve. Idéen er at livet og alt i det er ikkje vår eigen eigendom, men noko vi disponerer og skal ta vare på medan vi har det. Alt vi har, er gjeve oss. Alt vi får nyte og boltre oss i er GÅVE! Difor er nåden utgangspunktet for alt liv, og difor er vi djupas sett forvaltarar av Guds mangfoldige nåde.

I løpet av festivalen vert det 4 ulike perspektiv på å ta vare på:

Onsdag: ta vare på Naturen

taler: Sveinung Susort
Vi er plassert og planta i ein hage – vert gjeve mandat og råderett over dydreliv og naturen. Korleis enda vi opp med ei rovdrift som sagar av greina vi sit på? Og korleis kan vi grunngje eit engasjement for klima og miljø i trua på Jesus?

Torsdag: ta vare på Kvarandre

taler: Inger Johanne og Vegard Blikra Fagerli
Vi skapast til fellesskap, og mannen og kvinna skulle saman forvalte og dyrke hagen. Menigheten er den kristne familien, og der skal alle få bidra og leike, og menigheten som kollektiv skal vere ein del av Guds nyskaping i verda. Korleis er vi gode forvaltarar relasjonane våre? Kanskje handlar det ikkje berre om alle dei andre si meir eller mindre dedikerte deltaking i menigheten, men også om min?

Fredag: ta vare på Evangeliet

tale: Vegard Tennebø
Guds kraft til frelse – slik omtalar Paulus evangeliet i Rom1. det er kanskje den viktigaste forvalt- ninga vi kan gjere. At den frelsa vi har fått i dei gode nyhetene om kva Jesus har gjort blir skrudd så djupt inn i hjerta våre at det pregar heile livet. Då vert det nesten sånn at å ta vare på evangeliet i livet er det samme som å ta vare på sitt eige hjerte. For livet går som kjent ut av det.

Laurdag: ta vare på Misjonsoppdraget

Tale: Hildegunn Gj. Tennebø
Gje vidare det du har fått. Det er veldig få gåver frå Gud som du skal halde for deg sjølv. Faktisk er det slik at det meste som er gjeve deg, er gjeve deg for at du skal kunne dele det med andre. Men ofte held vi blygt att og er travelt opptekne med vårt eige. Men kva om vi forstod at ein hovedgrunn for at vi er den vi er, der vi er, slik vi er – er at det gjev oss unike muligheter i å delta i misjonsoppdraget akkurat der?

Søndag: Gudsteneste Tystadstøylen

liturg og taler: Vegard Tennebø

Vi avsluttar og oppsummer alle tema frå veka på på gudstenesta på tystadstøylen. Naturen, fellesskapet, evangeliet og misjon: kva tek vi med oss heim? Denne gudstenesta er open for at også bygdefolket kan komme og dere med.