Turar

Her finn du info om turane vi skal på saman. Vi ønskjer å tilrettelegge for at heile familien, små og store, supersprek og ikke fullt så sprek, skal oppleve mestring og livsglede i det enkle friluftslivet. Ungdomane (ca 13 år og oppover) lagar vi eit særskilt tilrettelagt opplegg for, slik at dei får vere, ja – ungdomar. Deira opplegg vil tangerer opplegget til resten av oss ved fleire turar, så det er ikke slik at vi ikke skal sjå dei eller få bruke tid saman.

Onsdag 6. juli: Haugsvarden

Fjelltur for hele familien. Enkel tur på ca 3,5 km og drøye 300 høydemeter. Litt bratt i starten og på slutten, men mange flotte utsiktsstopp på vegen. Avreise frå skulen kl 11.00 med bil. Bompengar 50,- med vipps og parkering under Tystadstøylen. Vi tar med fulldempa syklar, som ein kan få teste. Ungdommene er med på samme tur og desse har første pri på syklane. Alle møtes ved Lomvatnet til lunsj. Der er det også mulighet for bading og fisking. Haugsvarden ligg på 862 moh, og dei som har lyst vert med dit.

Link til parkering

Torsdag 7. juli: Støyvastøylen og Eggenipa

Denne dagen deler vi oss. Så her må du gjere eit val.

Støyvastøylen

Ein vandretur til ein av kommunens mange flotte støylar. Vi køyrer til Utvikfjellet kl 11.00 og parkerer på parkeringsplassen der (635 moh). Så tar vi beina fatt på den ca 3 km turen til støylen (833 moh). God sti og ikkje særleg bratt. Ta gjerne med fiskestang om du har med, for nedanfor ligg eit lite fjellvatn. Born under 16 år fiskar gratis.

Link til Parkering Utvikfjellet (Støyvastøylen)

Eggenipa

Ein skikkelig topptur (1338 moh) med over 750 høydemeter og ca 4 km ein veg. Her bør ein vurdere kapasitet til borna, for det er tidvis bratt. Fra E 39 sør for Byrkjelo tar du av mot Øvredalen. Her køyrer du til parkeringa som ligg i enden av grusvegen. Det er også skilta mot Eggenipa i krysset, så det skal ikke være noe problem å finne fram til startpunktet. Eit minne for livet.

Link til Parkering Eggenipa

Ungdommane får tilbod om klatring ved Sageflåten denne dagen. Dei sit på med familiane sine opp og blir slippe av der. Ein Caravelle tar dei med ned att.

Link til Sageflåten

Laurdag 9. juli: Skytbåsvika

Skytbåsvika

Ei lun og fantastisk fjordperle. Her er det Gloppefjorden som leverer magien, og vi kan bade, lene oss tilbake og berre ta imot. Vi tek også med kajakker og kanoer og får nyte sjølivet til fulle. Det er ein kort gåtur ut til vika frå parkeringsplass. Er du glad i å fiske, kan du vere heldig og få ein sjøørret på kroken.
Denne dagen skal vi også lage mat på bål. Det finnast fleire ting enn pølser – vi lagar gyros på bål! Ikke gjort det før? Vel – no får du sjansen.

Ungdommane dreg med stisyklane til Nordfjord stisykkelsenter rett oppfor skulen, før dei drar igjennom skogen til Skytbåsvika og vert med resten av gjengen.

Endringar

Nokre av turene er vèravhengig. Ved skikkelig dårlig forhold, endrar vi. Vi har backup-planar og avtaler med både flerbrukshall, klatrevegg og eit flott og tilrettelagt turområde, med ein flott TIN-camp, tuftepark og fosseteater.

Link til parkering Trivselsskolen og TIN campen

Link til Gloppestadfjøra og parkering der